top of page

fre. 23. feb.

|

Ålesund

Farstad & Farstad Gammaldansgruppe

Virtuos folkemusikk frå Nordvestlandet

Farstad & Farstad Gammaldansgruppe
Farstad & Farstad Gammaldansgruppe

Tid og sted

23. feb. 2024, 19:00

Ålesund, Korsegata 6, 6002 Ålesund, Norge

Om arrangementet

Farstad & Farstad trio er ei gamaldansgruppe fra Møre og Romsdal. Gruppa består av Åsmund A. Farstad på feler, Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel og Marius Berglund på trekkspel og toradar. Det er eminente unge og framadstormande musikarar med ei felles glede for gamaldansen og den eldre folkemusikken. Dei har ein spesifik kjærleik for folkemusikken frå Nordvestlandet då med Møre og Romsdal og Nordfjord. 

Gruppa speler ofte som fullt gamaldansband med bass og gitar, også, men i dette prosjektet vil gruppa operere i trioformat. I gruppa spelar dei tradisjonsmusikk frå Nordvestlandet og tek for seg komposisjonar og tradisjonelt stoff fra området. Mykje musikk av f. eks Hans Geitvik, Per- og P.M Bolstad, Magne Maurseth og Jon Røen. 

Dei tek den tradisjonelle musikken og arrangerar den og formar den til eit nytt, virtuost og sprekt bodskap. Gruppa har vunne dei to siste fylkeskappleikane i Møre og Romsdal, og i tillegg kom gruppa i finala i gruppespel-klassa på Landsfestivalen i gamaldansmusikk som blei arrangert i Førde tidlig i august. Etter finala endte gruppa opp med ein solid 5. plass av i alt 31 deltakarar frå hele landet.

Dørene åpnar 18:30.

Billettar (i døra): 

Vaksne: kr 250,– 

Studentar: kr 150,–

Born: Gratis

Dele dette arrangementet

bottom of page