top of page

tor. 25. apr.

|

Ålesund

Kammerkonsert med Ålesund Strykekvartett

Klassiske godbitar fra dyktige musikarar!

Kammerkonsert med Ålesund Strykekvartett
Kammerkonsert med Ålesund Strykekvartett

Tid og sted

25. apr. 2024, 19:00

Ålesund, Korsegata 6, 6002 Ålesund, Norge

Om arrangementet

I april vert det igjen tradisjonelle kammerkonsertar med Ålesund strykekvartett. Det vert konsert på Aasen-tunet i Ørsta fredag 19. april, Sobra scene i Ålesund torsdag 25. april og Sykkylven kyrkje fredag 26. april. Det står to klassiske godbitar på programmet: Strykekvartett nr. 3 i C-dur (op. 59) av Ludvig van Beethoven og Strykekvartett nr. 2 i C-dur (op. 36) av Benjamin Britten.

Billettar: kr 250/150. Billettsal ved døra 30 min. før konsert (Vipps eller kontant).

Om kvartetten

I tillegg til kvartettoppgåvene, som består av eigne konsertar, skolekonsertar, gjestespel og samarbeidsprosjekt, underviser musikarane 30 % stilling kvar ved Ålesund kulturskole. Strykekvartetten er også med som gruppeleiarar i Ålesund symfoniorkester.

Ålesund strykekvartett mottok Ålesund bys kunstnerpris for 2017.

Ålesund strykekvartett  består av:

  • Ai-Ling Chiu, fiolin, frå Taiwan. Er utdanna ved National Taiwan Academy of Arts, University of Kansas og Högskolan för scen og musik i Göteborg. Har også vore gjestestudent ved Griegakademiet i Bergen. Ho har spelt i Harmonien og ved Den Nationale Scene i Bergen. Ai-Ling har spelt i kvartetten sidan 2004.
  • Laurens Weinhold, fiolin, frå Noreg. Han er magister i konsertfag fra Universität für Musik und Darstellende Kunst i Wien. Han har deltatt på ei rekke internasjonale festivalar og vunne solistprisar, m.a. Ungdommens musikkmesterskap og Fjord Cadenza. Laurens begynte i strykekvartetten hausten 2019.
  • Linda Bønes, bratsj, frå Noreg. Ho er utdanna ved Griegakademiet i Bergen, og har spelt m.a. i Bergen Unge Kammerorkester, Bergen Music Pool, Cumulus-kvartetten, Harald Hårfagre kammerorkester og Bergen Filharmoniske Orkester (vikar). Linda begynte i kvartetten i 2009.
  • Samuel Skrede, cello, frå Noreg. Utdanna ved Griegakademiet i Bergen og ved Guildhall School of Music And Drama i London. Har spelt i kvartetten sidan 2003. Saman med Ai-Ling er Samuel initiativtakar og primus motor for Ålesund kammermusikkfestival.

Dele dette arrangementet

bottom of page