Konsert: Mistral Blåsekvintett

Mistral blåsekvintett vart stifta våren 2018, og er eit prosjektbasert ensemble som består av fem norske profesjonelle musikarar med base i Oslo og Trondheim. Dei vil både vere ein bærar av den rike tradisjonen som eksisterer for si besetning, samstundes som dei vil bidra til å utvide repertoaret gjennom å bestille og framføre ny musikk, fortrinnsvis frå norske komponistar.

Kvintetten består av:

  • Siri Hovde Nordbø (Trondheim symfoniorkester og opera) - fløyte

  • Stein Jakob Nordbø (frilanser) - obo

  • Josefine Høydahl (frilanser) - klarinett

  • Maria Wøllo Flaate (Oslo-Filharmonien) - horn

  • Anne Marie Nordbø Pettersen (Operaorkesteret) - fagott

Dei vil opne konserten med eit stykke fra vår eige tid, skrive av Jan Inge Moksnes, som sjølv er klarinettist i Fannaråken blåsekvintett og røynd med å skrive for denne besetninga; stykket Vårslått har innslag av både folkemusikk, pop og jazz. Vidare går dei heilt attende til mannen som i si tid tok til å skrive musikk for blåsekvintetten som besetning, Anton Reicha, og spelar kvintett i Ess-dur, skrive til dei dyktige blåsarane han arbeida med i Paris på starten av 1800-talet. Etter avstikkaren til Frankrike vender dei tilbake til Noreg og Harald Sæverud sine Slåtter og stev fra Siljustøl, som er folkemusikkinspirert musikk skrive på 1980-talet, med basis i pianomusikk han komponerte under krigsåra. Til slutt, etter pausa i konserten, framfører dei Carl Nielsen sin store kvintett, som vert kveldens hovudverk. Dette er blant dei viktigaste verka i repertoaret, opprinneleg skrive til Den Danske Blåsekvintet i 1922.

Konserten starter klokka 19:00, og billettane koster 200,- for vaksne og 100,- for born.

Sobra Scene, Avholdshjemmet, Korsegata 6