Plateslepp med Giske Mannskor

Giske Mannskor har gitt ut ny plate. Kystviser er tittelen, og no i helga blir det kystviser med Giske mannskor på Ålesunds beste korscene, Sobra Scene på Avholdshjemmet. 


«Har du fyr»; «Båten og båra»; «Fiskerens morgensang»; «Home from the sea»; «Seinsommarkveld på Alnes»; eit utval tekstar og musikk frå kystnatur og kystkultur, med varm og malmfull mannskorklang: Dei gler seg til å dele det med publikum!


Med seg, flysend frå England, har dei sin faste arrangør og akkompagnatør, Richard Powell. Han er no flytta tilbake til barndomslandet, men er med dei på desse konsertane. 


Han har også arrangert og orkestrert konsertens andre høgdepunkt, kantaten «Fuglane» for mannskor og barnekor. Utgangspunktet for musikken er det rike fuglelivet i Giske med hundretusenvis av rastande flyttfugl og hekkande standfugl som skaper det yrande livet i kystnaturen vår. Dei er det laga mange songar om, songar som publikum vil kjenne att når Giske mannskor og barne/ungdomskoret «Kor du e» frå Giske stemmer i, i lag med med fuglesongen. Til musikken er det natur- og fuglebilete frå Giske, tekne  av naturfotograf Jan Rabben, ornitolog og naturbokforfattar med mange års fartstid som lærar og fugleforskar på Giskeøya. 


Sett av ettermiddagen og kom og opplev det i lag med kora!

 

Søndag 21. oktober kl 17:00

Billettar: vaksen: 200-, barn: 50,- 

Sobra Scene, Avholdshjemmet, Korsegata 6