top of page
Matiné mot haust
Endeleg konsert!
Vakre linjer, lidenskap og a capella-klang. Ver med Ålesund Kammerkor frå blømande blomar til haustlauv gjennom sangar av amerikanarane Morten Lauridsen og Eric Whitacre til nokre av Brahms finaste songar for kor.
Ålesund Kammerkor inviterer til matinéen Mot haust på Sobra Scene og vil forsøke å ta lyset med inn i haustmørket der tette harmoniar får skimre og gløde.
Dirigent: Ragnhild Eide Akslen
Billett kan du kjøpe ved inngangen med Vipps eller kort: 200 kroner/under 18 år gratis
Smittevernreglane blir sjølvsagt følgde.
Velkomen! Vi gler oss!
bottom of page