Språkmoro

Under parolen "språk er sjov!" gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ei hyggeleg og eksamensfri atmosfære! Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Arrangementet er sjølvsagt rusfritt, og det vert sal av god, alkoholfri drikke i kaféen.

Når: Laurdag 9. mars kl 19:00

Pris: 300,- for vaksne, 200,- for honnør og studentar

Billettsal: I døra og på tikkio.com

Sobra Scene, Avholdshjemmet, Korsegata 6